tirsdag 2. juli 2013

Telemark- Nordmøre, ein real etappe

Laurdagskvelden laga ungane til quiz til oss vaksne, og det var omvendt premiering;
den som tapte måtte køyra dei til badeland dagen etter. Kreativ ungdom!
Trygve gjekk seg ein lang tur opp vegen,
medan Unni pakka og gjorde alt klart til to vekers tur.
Utpå ettermiddagen, trilla vi ein tur ned til ei sprek Åste som tok vel i mot oss.
Klossekassen stod klar til Kristen, men han ville jo helst klatra på stolar og bord og trykkja på fjernkontrollar og brytarar....
 
Trygve og eg fekk liggja i kvar vår himmelseng på stoveloftet,
og her er utsikta frå senga mi! Kan ikkje klaga...
 
Måndag var vi tidleg oppe og ti på ni var vi klare for avgang.
På Fagernes hadde vi første "lang-stopp" med mat og kaffe - og i til dessert ;-)
Det var vindfullt og kaldt, så snart var vi på hjul att.
,
Passasjerane i baksetet varierte litt, her er Knut og Dordi på plass i vår bil.
 
På veg over Dovrefjell.
Kanskje ikkje så lett å sjå, men der framme er den
flataste regnbogen eg har sett nokon gong.
 
Vel halv åtte kom vi fram til Straumen.
Og ingen plassar kan måle seg opp mot dette!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar