fredag 12. juli 2013

I tresomhet på Leri

Jammen vart det stille og roleg på Leri!
Frå å ha huset fullt av ungar, og besøkande ungar og andre gjester
til å berre vere oss tre var i grunnen ein overgang.
Litt godt, og litt kjedeleg!
Kristen og eg har vore på stranda begge dagane, med små pappavisittar.
Kristen trives godt nede ved fjorden med bøtte og spade, vatn og sand.
 
 
Då vi kom opp frå stranda onsdag, snubla han i eit brennenesle-"kratt" og såg slik ut.
Han skreik ikkje så mykje, trur lidikamentet og sidan sprayen eg fann lindra litt.
No er det berre nokre små, raude prikkar att.
Stakkar liten!
 
 
Seinare på kvelden kom Costa Fortuna stimande ut fjorden.
Bra utsikt frå verandaen!
 
Etter ein betre laksemiddag, var det berre for husfrua å leggja føttene høgt
og nyta sommarkvelden.
 
Torsdag gjekk eg laus på barnebordet som Jan og Knut pussa søndag.
Litt bortkosting av støv, og så var eg i gang med pensel og Drygolin.
 
 
Slik ser det ut etter eitt strøk!
Satsar på strøk to når Kristen søv i dag.
 
Då Kristen vakna, tok vi ein liten tur på stranda att.
Litt meir disig enn dagen før, men godt og heitt.
Vi målte fjordtemperaturen til 17 grader, så vi heldt oss berre i sjøkanten.
 
 
Kristen er trøytt om kveldane no når vi er ute heile dagen.
For å dryga legginga litt (litt tidleg å legga seg klokka 18...),
tok vi ein liten sykkeltur ut til Kåret.
Alltid ein sikker vinnar å sjå på vatn i bekkar og elver.
 
 
Kveldens middag vart wok,
veldig lenge sidan vi har hatt det
- og veldig godt!
 
Tresomhet-livet går altså ganske godt.
Ikkje så mange sprell på oss.
Trygve jobbar med graset sitt, medan Kristen og eg ferierar i finveret.
Litt urettferdig.....

1 kommentar:

  1. Så fint boret vart! Gler meg til å sjå det når det er ferdig! Er det font vêr hjå dykk i dag? Her er det plask regn! Men alikavel våga me oss ut på ein fisketur. Martha fekk napp på ein torsk på 40-45 cm på stong! Så ergeleg at den slapp! På slutten såg me nesten ingenting fordi skådda låg så tett nede med vattenet!
    -Dordi

    SvarSlett