fredag 19. juli 2013

Ny sveis og ny kakepynt

Kristen har vore halvhjerta klipt av tante Hanne ein gong, og elles har det vokse vilt.
Else var ikkje heime då vi var der i juni.
No var det på tide å prøva å laga ein guttesveis på han.
(Ein ferierande her i grenda var overbevist om at han var ei jente....)
Eg tok tipset frå Brynnhaugen og klipte han medan han sat i badestampen.
Men saksa eg fann var ei vanleg skulesaks, guten sat ikkje mykje i ro og i eit dusjkabinett med små dører var det ikkje lett å koma til......
Men eg fekk no av han litt hår ved å lirka og lura, snu og venda litt på han.
 
Her er badeguten vår ferdigklipt.
 
Her kan de sjå litt meir av sveisen,
no med tørt hår tidleg ein fredagsmorgon.....
Frisøren er godt fornøgd med resultatet!
 
Så over til prosjektet eg byrja på i går, men som eg gløymde heilt til i dag....
 
Kandisering av fiolar og rosenblad!
Fordi boksen stod ute på verandaen over natta,
hadde ein del blad vorte visne og brune.
Men det var rikeleg å ta av!
Eit klissete og tålmodighetskrevande arbeid, absolutt ikkje noko for meg, egentleg....
Dyppa/ pensla med eggekvite og strødd med sukker.
 
Dei ser no fine ut om ikkje anna, så det var kanskje verdt arbeidet?!
Får venta til eg får bruka dei før eg uttalar meg om det.
 
Her er dei ferdig-kandiserte blomstrane og blada.
No ligg dei på eit smørpapir og tørkar.
I morgon, eller overmorgon, skal dei ned i glas eller boksar,
klare for kakepynting utover hausten.
 
-Og spisereiskap skal det bli ei råd med.
Sjå kva eg har kjøpt meg!
Facebook-markeda er kjekke!
 
Fin fredag!

1 kommentar: