lørdag 13. juli 2013

Fin fredag!

Då eg stod opp i dag, var det fin temperatur og sol på terrassen tidleg på føremiddagen.
Her var det berre å leggja føttene på bordet og nyta kaffekoppen.
 
Ein liten runde rundt i tunet her, og vips var blomsterbuketten på trappa fornya!
 
Så tok eg ein liten svipp opp for å sjå til kattene,
og samtidig nyta utsikta litt.....

 
For tredje dag på rad, køyrde mamsen og lillegutt ned på stranda
etter soving og middag for han.
Her har han gått laus på kryssordet mitt.

I dag var den heitaste dagen så langt i år,
 og jammen kom eg meg ikkje uti og fekk svømt 6-7 tak.
Forfriskande!
 
Kristen vekslar mellom kryssord, sand, vatn og fang
- og så litt smoothie, vatn og kavring innimellom.
 
Mor er fornøgd med å ha frakta badenbaden-stolen sin ned på stranda.
God dagar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar