mandag 22. juli 2013

Endeleg: Sommar i Sogn

Medan jentene (og resten av gjengen der oppe) hutra i regn og kulde på Nordmøre i helga,
har vi hatt strålande dagar her nede.
Prognosane framover er heller ikkje så galne.....
 
Kristen og eg har vore på stranda både laurdag og søndag,
og nista har vore brødskiver med leverpostei
-etterkvart ispedd småstein...
Bleien ser ut til å innehalda halve Lustrafjorden.
 
Ei fuglemor med heile ti små svømte forbi oss.
Ikkje lett å halda styr på alle desse ungane som dukka og svømte alle vegar,
men mora fekk dei på rett kjøl med små kommandoar. Fascinerande!
Kristen følgde interessert med på svømmekortesjen.
 
Blir aldri lei av utsikta frå solstolen nede på stranda.
Og så er eg jo litt rive med i insta-verda......
 
-og lært meg å laga tekst på bilda med i snapchat.
Jau, eg prøvar å følgja døtrene så godt eg kan,
men dei er ikkje så overbærande med mor si
og manglande kunnskap om program-finessar.
"Har ikkje du gått på datakurs, då mamma"
Virkar veldig lenge sidan IKT-vekttala mine kom på plass...
'
 
Klokka blir gjerne 16 før mamsen og Lillegutt set pickupen i gir og køyrer ned på stranda.
I helga var det "u-fjæra" omtrent på denne tida.
Kristen er fornøgd med den kjempestore sandkassen sin,
medan eg kunne tenkt meg litt meir vatn i fjorden.
 
Grinda var så fint dekorert på søndag.
 
Og kveldane i helga såg omtrent slik ut frå verandaen.
Etter gode middagar i godt lag.
Kan ikkje klaga på verken det eine eller det andre slike kveldar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar