torsdag 18. juli 2013

Kjøle te græiå!

No har det regna så mange dagar at eg har kome av talet....
Men vi heng ikkje med nebbet av den grunn!
 
I soveperiodane til Kristen desse dagane, har ekteparet svinga seg på loftet.
Så det er ikkje så gale, at det ikkje er godt for noko.
Der oppe trongst det nemleg ein innsats!
 
Her er nokre av leikene til Dordi og Martha som no kjem Kristen til gode.
Han sette i gong med å tre ringar på pinnane med ein gong...
Lurar på om vi har understimulert han.....
Hugsar de att leikene, jenter?
 
Men, og det er eit stort MEN oppi dette:
og menet heiter STØV!
Ufattelege mengder med støv har busett seg på loftet,
og i går toppa det seg då husbonden gjekk laus på soverommet vårt og tømte det!
Heile huset vart fullt av støv, trur eg.
Greitt så lenge det ligg i ro, men no fekk mannen blod på tann: Støvet skulle bort!
Lungene mine formeleg kjente at støvet kom ned gjennom tregolvet....
Og no er eg i loftskarantene!
Pustar som ein 90-åring og supar ventolin og kaffe om ein annan!
Så då må eg finna på noko som er nyttig for fellesskapet eg òg, medan Trygve fortsatt ryddar på loftet. I dag er det loftsgangen son skal til pers!
 
Ein dag baka eg muffins!
Og dei vart veldig gode, til og med mannen som ikkje likar muffins, tykte desse smaka godt.
Bruka denne oppskrifta, og putta nokre frosne bringebær i kvar form.
Lunkne med is til var dei veeeldig gode, men Kristen og foreldra likar dei kalde òg!
 
I dag var som sagt pusten på eit lågmål, så eg har vore mest ute.
Først rusla vi ein trilletur ut til "Verdens ende".
 
Og då Kristen hadde lagt seg, kom eg på at eg skulle prøva meg på ein sykkeltur.
 
Eg arva sykkelen til Kari Johanna då ho flytta frå Sørheim, og har heile tida trudd han var punktert.Men då syklane til ungane vart fiksa til sykkeldagen, fekk denne òg luft i dekka og er friskmeldt!
Ein orange Cresent-sykkel med tre gir (som hoppar litt) og sykkelkorg.
Det var faktisk opphaldsver på turen min inn til Magnhild,
så t-skjorte og tights var nesten nok kle......
Eit bilde frå verandaen der mannen stod og vifta med flagg då eg sykla av stad ;-)
 
Målet mitt for turen var å plukka fiolar.
I tillegg har eg plukka rosenblad.
Eg er snart klar for mitt neste prosjekt........... ;-)
 
Akkurat no kom eit solstreif inn verandadøra...
Kan de skimta det på bildet under?
Kanskje det ekstreme nedbørsvarslet ikkje slår til her mellom høge fjell?
Det er lov å håpa!
I morgon og 9 dagar framover melder  dei i alle fall sol og fint.
Det  varselet bør slå til!
Trur bestemt at sol er bra for pust og lunger!
 
 
 

1 kommentar: