torsdag 11. juli 2013

Ei helg går så fort.....

 
Laurdag kom endeleg finveret, og etter at Kristen hadde fått ettermiddagsduppen sin,
lasta eg opp pickupen med ungar og bagasje og køyrde ned på stranda
(heile 200 meter, cirka ;-))
 
Enno betre enn skyss ned, er det å få skyss oppatt!
 
Laurdag = pizza. Så no var vi komen til ønskemiddag nummer 1: Laga eigne pizzaer.
Fordi mannen var på fest, og varmlufta i komfyren ikkje virkar,
vart det ein hurtigversjon; eg kjevla deigane slik at eg fekk plass til fire på kvar plate.
Så fekk dei i tur og orden ha på saus, ketchup, pølse, kjøttdeig, lauk og ost på sin del.
 
Mmmmm.....
 
Pizza-fest med "Hvem kan slå Åmodt og Kjus?" på tv.
 
Søndag var det grilling og klart for matønske 2: chips i frityrkokar.

 
Lykken er ein inngjerda terrasse med mykje folk, god mat og varm sommarsol.
 
I fjøset veks kyllingane for kvar dag.
Når vi kjem dit, er hønemor snar til å få dei under sine vengar, bokstaveleg tala!
Kristen er litt forskrekka over at kyllingen pip.

 
Natt til måndag var det telt-overnatting.
Dordi, Martha og 2-3 karar sov godt og lenge borte på skulehustomta.
Då dei vakna til liv i halv 11-tida, kom dei hit og henta seg frukostmat.
 
I mangel på flater på Leri,
lånte dei ei hos hyttenaboane :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar