lørdag 6. juli 2013

Ferieklubben går sin gang

 
Livet som "sjubarns"-mor, går bra.
Etter litt finjustering går alt som ein leik.
Sist desse to søskenbarn-gjengen var samla, hadde vi ikkje ein liten gut som helst skal sova ein gong om dagen og frå klokka 8-9 om kvelden.
No må det vera stille på loftet, elles får vi ein sur, vrangsøvd liten gut.
 
Vafler på terrassen er praktisk i sovetida til Kristen.
 

Fredag ettermiddag var vi oppe i Nørdstedalen i lag med fam Natvik/Weka.
LItt ruske ver og kald vind, men vi kosa oss i fleire timar på sandbanken ved elva.
 
Vi hadde med fiskestenger, og jammen vart det tre fiskar på oss!
Då er det moro!
Her ser fiskaren på at Dordi sløyer stakkaren.
 
Sjølvsagt måtte vi ha bål og grille pølser.
Og etterkvart vart bålet godt å varma seg attmed...

 
Idyllisk plass!
 
Før vi reiste gjorde vi eit forsøk på å ta bilde av alle ti ungane,
dette var det beste vi hadde.
Takk for turen!
Vi må gjenta den ein solskinnsdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar