tirsdag 16. juli 2013

Surdeigsbrødbakedebut

Svoger Ola er så flink på kjøkkenet, og har mange triks og finessar å læra bort.
Då vi var der på besøk fekk vi servert eit kjempegodt surdeigsbrød.
Og vi var så heldig å få med oss  ein boks med surdeig heim.
Opprinneleg fekk Ola surdeigen sin frå sjølvaste Morten Schakenda i Lom,
så dette er ikkje noko tull!
 
I dette glaset lever surdeigen vår gode dagar i kjøleskåpet.
Han treng mjøl og vatn-pleie ein gong i veka, elles er det lite styr med han.
 
Perfekt etter pleien han fekk søndag!
 
Søndag ettermiddag, kom vi på at vi ville baka litt av surdeigen og, ikkje berre pleia han.
Og vi sette i gang...... Utan å tenkja på at dette tek litt lenger tid enn med vanleg gjær.
 
Først hadde vi i vatn, olje og honning.
 
Og etterpå litt rug og sammalt kveite.
 
Før vi hadde i kveitemjøl til ein god deig.
Og så elta vi lenge!
 
Så skulle den eva til dobbelt størrelse.
Det tok 6-7 timar, og då var klokka 1 om natta....
 
Då elta vi deigen godt og forma den til eit brød på ei steikeplate....
 
Så skulle den få ein fuktig kopphandduk over seg,
og atter ein gong heva seg lenge.
Denne gongen i 4-5 timar...... 
 
Klokka fem vakna Kristen (nesten som bestilt).
Han fekk flaska si, eg tok fatt som bakar!
Strødde litt rugmjøl over brødet, og skar eit rutemønster i det.
 
Og etter ein time i ovenen ( og ein time på sofaen for min del),
kom det ut slik:
 
Voila! Det var luftig og godt,
men skulle ønska det hadde vore litt høgare og ikkje så "vidt".
 
Sidan bakaren var så heldig å ha første Kristen vakt (gjesp!)
fekk vi æra av å smaka på brødet først.
Vi smurde rikeleg med smør på kva vår halve kakskiv,
og tykte det stod til med ferskt brød til frukost!
 
Konklusjon på surdeig-debuten:
 
Vi fekk det til!                               
Vi må byrja litt tidlegare på dagen!
Vi prøvar fint brød neste gong!      


1 kommentar:

  1. Å fy flate!! No vart eg imponert (og nesten litt misunneleg ;-) Steikje fint brød!

    SvarSlett